Norsk Fjellmuseum

Norsk Fjellmuseum

Norsk Fjellmuseum er nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen. Senteret ligg i Lom sentrum, ein viktig innfallsport til nasjonalparkene.

Norsk Fjellmuseum ynskjer å synleggjere korleis samspelet mellom menneske og natur har utvikla seg frå fangstkultur til våre dagars masseturisme, rekreasjon og ressursbruk.
Fjellmuseet vart opna i 1994 og autorisert som nasjonalparksenter i 1997.

Målsetting

Norsk Fjellmuseum skal:

  • arbeide for å verne kultur- og naturverdiar i fjellområde gjennom innsamling, dokumentasjon, forsking, formidling og informasjon
  • vere eit informasjonssenter for nasjonalparkane og andre anlegg og samlingar knytt til livet i fjellet
  • vere ein stad for oppleving, læring og allmenn kulturell verksemd, med særleg vekt på samspelet i naturen og mellom menneske og natur.

Tilbod

Norsk Fjellmuseum tilbyr:

  • Faste utstillingar med tema ”Jotunheimen”, ”Norsk Høgfjell” og ”Mammut”.
  • Biletspela ”Vatn frå fjell til fjord” og ”Årstider i fjellet”, filmane ”Eit fjelleventyr” og ”Klatring i Store Skagastølstind 1919”.
  • Multimediaprogrammet ”Mogop” som fortel om Norges nasjonalparkar, vassdraga våre og turmoglegheiter i Jotunheimen.
  • Utstilling av jaktvåpen og reinsgevir
  • Skiftande utstillingar i sommarsesongen
  • Barnekrok og skattegrotte
  • Museumsbutikk
  • Turistinformasjon

Organisering

Fjellmuseet er organisert som ei stifting med følgjande stiftarar: Lom kommune, Statskog Øst-Norge, Noregs naturvernforbund, Den norske Turistforening (DNT), Norsk Tindeklubb, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Høgskolen i Lillehammer, Universitetet i Bergen, Norges Fjellstyresamband, Norges jeger- og fiskeforbund, Landbrukssamvirkets Felleskontor, Norges Almenningsforbund, Norsk Botanisk Forening.

Les meir på nettsidene til Norsk Fjellmuseum.