Lom nasjonalparklandsby. Foto: Rita Birkeland

Lom nasjonalparklandsby

I 2008 vart Lom peika ut som nasjonalparklandsby. Målet er å styrke lokal verdiskaping med utgangspunkt i nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Velkomen til Lom nasjonalparklandsby!

Lom er staden der du kan få natur- og kulturopplevingar utanom det vanlege. Det du finn her er ekte, eigenarta og unikt. Som eit teikn på dette vart Lom peika ut til ein av fem nasjonalparklandsbyar i Noreg av miljøverndepartementet i 2008. Kommunen fekk og status som nasjonalparkkommune. Om lag 90% av kommunen er brear og fjell, med Galdhøpiggen og Glittertind som kjende landemerke.

Lom sentrum har namnet Fossbergom og her finn du alt du treng av informasjon, utstyr og guidar for å vitje ein nasjonalpark. I Lom finn du nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

I Lom står miljøtanken sterkt og vi ynskjer å ta vare på mangfaldet i naturen og forvalte ressursane slik at dei kan kome også framtidige generasjonar til gode. Som gjest i Lom kan du ta del i dette arbeidet ved å kjøpe lokalprodusert mat, nytte tilbod om lokale guidar og ta miljøomsyn ved å redusere forsøpling og ressursbruk.

Framfor alt ynskjer vi at dykk vil nyte tida i Lom! Velkome som gjest hos oss no og i framtida.

Lom nasjonalparklandsby

Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen. Midt i sentrum fer elva Bøvra kvit og vill utfor Prestfossen. Namnet Fossbergom skriv seg frå berga som stakk fram her og der attmed fossen. Her har bygdasenteret vakse fram på båe sider av elva. Fyrste private aktiviteten i området var eit kvernbruk rundt 1770, fyrste landhandelen kom i 1870 der Kiwi held til i dag.

I 1894 vart det meste av jorda på sørsida av Bøvra seld av staten til private. I dag står dei tre familiedrivne hotella Fossheim, Fossberg og Nordal i området, alle med over hundreårig historie. Nasjonalparklandsbyen er det naturlege plassen for informasjon om nasjonalparkane, guiding og kjøp av utstyret du treng for naturopplevingar i og rundt nasjonalparkane. Lom sentrum, Fossbergom, er ein av fem tettstader i Noreg som i 2008 fekk status som nasjonalparklandsby av miljøverndepartementet. Statusen vart tildelt Fossbergom på grunn av dei unike kvalitetane bygdasenteret har som innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.