Kvitno. Foto: Mari Lise Sjong

Om Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda er eit eldorado for fjellvandrarar med telt og fiskestong. Området er kjent for sine mange fiskerike vatn og vassdrag med fin fjellaure.

Det finst flust av merka stier og fleire betjente, sjølbetjente og ubetjente turisthytter. Det er og høve til jakt på vidda. Hugs fiskekort og jaktkort.

Landskap

Hardangervidda er eit typisk høgfjellsplatå med lange flyer og bølgjande fjellparti. Berre i vest er fjella meir dramatiske.

 

Det harde grunnfjellet i dei sør-austre delane av nasjonalparken er restar av eit over 1 milliard år gammalt fjellandskap. Fjella forvitra og havet inn-tok slettene.

Dei kalkrike bergartane i nordvestre delar av området er opprinneleg avsette på havbotnen. Millionar av år
seinare vart dei dekte av ei stor samanhengande fjellplate. Havbotnen og fjellplata vart pressa og folda, og eit nytt fjellandskap steig opp av havet. Hardangerjøkulen og Hårteigen er restar av denne fjellkjeda, som spesielt under istidene igjen vart slipt ned til grunnfjellsunderlaget.

Dyr og planter

Området har dei største villreinflokkane i Europa. Som følgje av berggrunn og klima vekslar vegetasjonen frå dei vestlege til dei austlege delane av vidda. Den vestre delen har meir nedbør og jamnare temperatur, slik at planteproduksjonen vert stor. Austvidda er langt mindre frodig. I snøfattige strok med mager berggrunn er vindblåste heiar ein vanleg naturtype.

Dei største villreinflokkane i Europa

Hardangervidda vart isfri for om lag 9 000 år sidan. Lavdekket etablerte seg raskt på den nakne marka og gav næringsgrunnlag for reinen. Frå vinterbeiteområda på austvidda trekkjer dei store villreinflokkane kvar vår vestover, der mykje nedbør og næringsrikt jordsmonn gjev gode sommarbeite med saftig gras for både rein og bufe. Tidleg i mai kjem dei drektige simlene fram til kalvingsområda på Vestvidda. Vert reinen uroa då, kan det få store følgjer. Bukkar og ungdyr trekkjer ned og beiter i bjørkeskogen.

Utover sommaren er reinen på flukt frå mygg og brems, og fleire tusen dyr kan då vere samla på snøfennene i høgare lende. Etter brunsten om hausten trekkjer dyra austover til dei forblåste lavheiene. Det er tilgangen på vinterbeite som set grenser for reinbestanden på Hardangervidda. Målet for villreinforvaltninga er å stabilisere vinterstamma slik at ho er tilpassa beiteressursane.

Relaterte lenker