Harbardsbre. Foto: Tom Dybwad

Om Breheimen nasjonalpark

På fottur i Breheimen kan ein oppleve stillheta i naturen, med dalar, vidder og tindar. På dei mange stølane kan du møte beitedyr om sommaren.

Hestbrepiggane er dei høgaste fjella i Breheimen og når på opp til 2172 m.o.h. (Hestbrepiggan). Tverrådalskyrkja med sine 2088 m.o.h. er kanskje det mest kjende fjellet, der det ruvar like ei av turrutene frå Sota til Nørdstedalseter. Turen opp på Tverrådalsskyrkja er ein heildagstur uansett utgangspunkt for turen. Dei mest brukte innfallsportane til Breheimen er Sota, Lundadalen, Grotli, Høydalen, Sognefjellet, Nørdstedalen, Mørkridsdalen, Vigdalen saman med Vanndalen og Vivatjønni i Jostedalen.

Hugs at å ferdast på bre kan vere farleg på grunn av sprekker. All ferdsel på bre må skje med bruk av tau og anna sikringsutstyr, samt kunnskap om korleis ein kan ferdast trygt på bre. Ein kan og leige seg fjellførar. Fleire selskap og turisthytter tilbyr guida turar i nasjonalparken, både enkle ski- og fotturar og meir krevjande alpine turar på bre og tindar.

Fleire vatn og vassdrag i Breheimen har godt aurefiske, særleg dei større vatna. I mange av vatna vert det drive fiskekultivering. Jakt og fiske krev at ein har kjøpt jakt- og fiskekort.

Landskap og geologi

Landskapet i den vestlege delen av Breheimen er kupert med bratte fjell og djupe dalar. I den austlege delen er derimot landskapet slakare.

Dette kjem mellom anna av at den vestlige delen er dominert av harde grunnfjellsbergartar, medan ein lengre aust hovudsakleg finn mjukare skiferbergartar som lettare lar seg forvitre. Ein annan grunn til denne forskjellen er at under istidene var det hovudsakleg breane vest for vannskillet som gravde i terrenget. I aust ser vi tydelegare spora frå det slake terrenget landet vårt var før istidene - også kalt ”den paleiske flata”. Morenejorda, som ligg igjen etter at breane trekte seg tilbake, er god grobunn for plantelivet.

Dyr- og planteliv

Breheimen er villreinen sitt område Det er og særleg stor variasjon i plantelivet, knytt til både høgfjellsmiljø, rasmarker, gamal furuskog, kalkrik bjørkeskog, rik og gamal edellauvskog, fosserøyksoner og breelvdelta.

Det er særleg stor variasjon i plantelivet i Breheimen nasjonalpark, knytt til både høgfjellsmiljø, rasmarker, gamal furuskog, kalkrik bjørkeskog, rik og gamal edellauvskog, fosserøyksoner og breelvdelta. Her er døme på både sterkt vestlege artar (fossgrimemose), markert austlege artar (skogsøtgras), sørlege artar (stammesigd), nordlege artar (rosekarse).

I tillegg finn ein alpine artar som tinderublom, kontinentale artar som issoleie, saman med artar med tyngdepunkt i Midt-Norge (tindved) og artar med svært oppsplitta internasjonalutbreiing (svepemose).

Ved Høyrokampen og i Mørkridsdalen er det mange sjeldne, såkalla raudlista artar, mellom anna marisko og stavklokke, artar som Norge har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på.

Dyreliv

Breheimen er villreinen sitt område. Ottadalen villreinområde er det tredje største leveområdet for villrein i Norge, og Breheimen nasjonalpark utgjer søre del av dette området. Norge har eit internasjonalt ansvar for å sikre villreinen sine leveområde.

I høgfjellet er det eit relativt sparsamt dyreliv utanom villrein. Men fleire av dei store rovdyra (særleg jerv), rovfuglar (kongeørn, jaktfalk og fjellvåk) og andre raudlista fugleartar finst her. I høgfjellet lever dei vanlege fuglane som snøsporv og steinskvett. I dei frodigare dalføra lever fleire sjeldne fugleartar som til dømes kvitryggspett og bergirisk.

I dalane er det også gode bestandar av hjort, og på austsida er elgen vanleg.

Historie

Folket som bur kring Breheimen nasjonalpark har gjennom tidene vore sterkt knytte til fjellet, med jakt, fiske, stølsdrift og gjennom ferdsel mellom Aust- og Vestlandet.

Villreinen er viktig for å forstå kulturminnehistoria i Breheimen. Vi kan rekne med at delar av Breheimen innan år 7000 f. Kr, etter at isen hadde trekt seg tilbake, var leveleg område for menneske som levde av reinsjakt. Her er mange kulturminne og spor etter villreinfangst, både lausfunn som til dømes (pilspissar) og permanente jakt- og fangstinnretningar. Særleg dyrefangstgravene skil seg ut. Jakt på villrein skjer også i dag og er ein uavbroten tradisjon på ni tusen år. Det finst spor etter tre sælehus i Breheimen, overnattingsstader på fjellvegane frå middelalderen.

Det er mange stølar med bygningar som vert tekne vare på og brukt, eksempelvis i Mørkridsdalen, Mysubytta, Høydalen og Vigdalen. Her vil du møte beitedyr om sommaren, både sau, geit og kyr.

Relaterte lenker