Pilegrimar på Dovre. Foto: Ragnhild Hoel

Pilegrimsleiene

I mellomalderen gjekk mange på pilegrimsvandring til Nidarosdomen i Trondheim. I dag er pilegrimsleiene rydda og merkte stiar og vegar baserte på ferdselsårene som blei brukte den gongen.

Den første godkjende leia blei etablert i perioden frå 1994 til 1997 i eit samarbeid mellom dåverande Direktoratet for naturforvaltning (DN), Riksantikvaren, fylke og kommunar.

Populære turvegar

Pilegrimsleiene i Noreg er turvegar baserte på tradisjonen for å dra på pilegrimsvandring. Leiene er bundne saman av natur- og kulturminne med religiøs tilknyting til mellomalderen og minne knytte til olavstradisjonen.

Pilegrimsleiene er blitt populære turvegar for lokalbefolkninga, og samtidig utgjer dei sjølve ryggrada i arbeidet med å etablere Nidarosdomen som pilegrimsmål.

I utgangspunktet er gamle vegar og vegfar tekne i bruk. Nokre endringar er gjorde, mellom anna av omsyn til gardbrukarar og fordi enkelte av vegane ikkje eksisterer lenger.

Godkjende leier

Alle godkjende pilegrimsleier skal i utgangspunktet føre til Trondheim. Riksantikvaren har ansvaret for å godkjenne leiene.

Den første godkjende leia går frå Oslo til Trondheim og Stiklestad. I etterkant har Riksantikvaren òg godkjent leier gjennom Østerdalen, Romboleia frå Sverige gjennom Selbu og Tydal og leia frå Grong via Stiklestad til Trondheim.

I mai 2005 blei arbeidet med å vurdere og godkjenne justeringar av traseane for godkjende leier overdrege frå Riksantikvaren til fylkeskommunane.

Idé frå Oppland

Ideen om pilegrimsleiene blei opphavleg lansert av Fylkesmannen i Oppland for Miljøverndepartementet i 1992. Den første prosjektperioden starta i 1994, og fram til 1997 var både DN og Riksantikvaren engasjerte med ein prosjektleiar kvar.

Det blei i 2005 etablert eit samarbeidsforum med representantar frå kommunar, fylke, Innovasjon Noreg, Den norske kyrkja, Riksantikvaren og DN. DN var sekretariat for forumet frå 2005 til 2007. Riksantikvaren overtok ansvaret i september 2007.

Fornya satsing

Riksantikvaren starta i 2007 Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. Programmet varte ut 2010. Pilotprosjekt Pilegrimsleia blei teke inn i programmet, og det har mellom anna ført til ei fornya satsing på å halde leiene ved like, merkje dei og arbeide med organiserte vandringar.

Departementa arbeider med ein nasjonal strategi knytt til satsinga på pilegrimsleia. Nasjonalt pilegrimssenter vil hjelpe pilegrimssektoren i heile landet med å leggje til rette for auka, berekraftig bruk av pilegrimsleiene.

Blir avmerkte i kart

Arbeidet med å kartfeste, rydde og merkje pilegrimsleiene starta i 1994. Rutenettverket er no på over 200 mil berre i Noreg. På nettstaden Pilegrimsledene til Nidaros, som Nasjonalt Pilegrimssenter har utvikla, finn ein eit oversiktskart over pilegrimsleiene til Trondheim og informasjon om bruk av vandringsplanleggjaren og vegvisaren.

Relaterte lenker