Ein tiur på spel i gammal, halvåpen furuskog. Foto: Sigve Reiso, naturarkivet.no

Viltlova

Formålet med viltlova er at viltet og leveområdet til viltet skal forvaltast i samsvar med naturmangfaldlova, slik at produktiviteten og artsrikdommen til naturen blir bevart. Innanfor denne ramma kan viltproduksjonen haustast til gode for landbruksnæringa og friluftslivet.

Det offisielle namnet er lov 29. mai 1981 nr. 38 om jakt og fangst av vilt.

Viltlova og naturmangfaldlova

Mange av føresegnene i den tidlegare viltlova blei oppheva då naturmangfaldlova tok til å gjelde 1. juli 2009, men dei konkrete haustingsvedtaka blir framleis gjorde med heimel i viltlova, innanfor dei generelle rammene og prinsippa som naturmangfaldlova trekkjer opp.

Det inneber at føresegnene for når, kvar og korleis det skal haustast, blir regulerte i viltlova, mens både vilkåra og omsyna det skal leggjast vekt på når ein skal avgjere om det kan haustast, er regulerte i naturmangfaldlova.

Hausting og anna uttak er framleis lov når myndigheitene har opna for det, og reglane om vilkår for hausting er ei vidareføring av gjeldande reglar og praksis.

Retten til jakt og fangst

Lova inneheld òg reglar om retten til jakt og fangst, inkludert reglar om forfølgingsrett etter skada vilt. Det er òg gitt føresegner om organisering av jaktområde og om jegerprøve, jegeravgift, fellingsavgift og Viltfondet.

Viltlova har føresegner om viltorgana og om vilt i fangenskap, og lova gir egne reglar om hjortevilt- og beverjakt. I tillegg gir lova reglar om innførsel og utsetjing av nye viltartar, oppbevaring o.a. av freda vilt og om autorisasjon av preparantar og merkje- og registreringsplikt.

Utøving av jakt og fangst

Viltlova regulerer òg utøving av jakt og fangst. Hovudprinsippet er at jakt og fangst skal utøvast på ein slik måte at viltet ikkje blir utsett for unødige lidingar, og slik at det ikkje oppstår fare for menneske eller husdyr eller skade på eigedom. I tillegg gir lova føresegner om bruk av våpen og motordrivne framkomstmiddel og reglar om fangst.

Tema

Kategori