Hamnene må bli betre på avfallshandtering

Under ein kontrollaksjon i 2012 fann Fylkesmannen brot på miljøregelverket hos alle dei 33 hamnene som blei undersøkte. Klif og Fylkesmannen vil følgje opp at dei ansvarlege rettar opp forholda som blei avdekte.

Brot på reglane: Forureiningsstyresmaktene kontrollerer hamnene si handtering av avfall frå skip. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Miljøregelverket for hamner

Kapittel 20 i forureiningsforskrifta regulerer hamnene si handtering av avfall frå skip. Krava byggjer på eit felles europeisk regelverk som gjer det ulovleg å dumpe avfall i havet.

  • Båtar har plikt til å levere avfall som oppstår om bord, og eventuelle lasterestar, til mottak i hamnene.
  • Alle hamner har plikt å ha tilfredsstillande mottaksordningar for dette avfallet.
  • Hamnene må også lage avfallsplanar som skal sendast til Fylkesmannen.
Hamnene har plikt til å ta i mot og handtere avfallet frå båtar. Fylkesmannen gjennomførte i sommar kontrollar av avfallshandteringa i 33 hamner i 11 fylke, og fann brot på miljøregelverket hos alle saman. Flest brot blei registrerte for hamner i Nord-Noreg og for dei kontrollerte småbåthamnene.

Følgjer opp brot på regelverket

– Forureiningsstyresmaktene er ikkje fornøgde med desse resultata. Vi er spesielt kritiske til at hamnene ikkje har etablert gode nok ordningar for å ta hand om farleg avfall, og at mange hamner manglar avfallsplanar. Vi vil følgje opp at dei ansvarlege for hamnene rettar opp forholda som blei avdekte, seier avdelingsdirektør Bjørn Bjørnstad i Klif.

Ei rekkje feil og manglar

Kontrollen i 2012 avdekte ei rekkje forskjellige feil og manglar:

  • 8 hamner hadde ikkje utarbeidt avfallsplan.
  • 18 hamner hadde mangelfulle avfallsplanar.
  • 23 hamner hadde manglar i informasjonen til brukarane om avfallsordningane.
  • 20 hamner hadde manglar i forhold til regelverket for handtering av farleg avfall.
  • Fleire hamner hadde manglar ved internkontrollen, blant anna mangelfulle prosedyrar og manglande risikovurdering av avfallshandteringa. Internkontrollen er ein svært viktig del av det førebyggjande arbeidet i verksemdene.

Dårlegare enn i fjor

Resultata frå årets kontrollar er dårlegare enn frå kontrollane i 2011. Då viste kontrollar i 35 kommunale og private hamner i Sør-Noreg at ca. 30 prosent av hamnene hadde avfallsordningar i tråd med regelverket.
I 2012 blei det blant anna gjennomført kontrollar i ti småbåt- og fleire fiskebåthamner, noko som ikkje skjedde i 2011. Dette kan blant anna forklare at resultata var dårlegare i årets aksjon.

Tema