Miljøforbetringa stagnerer i sure innsjøar

Norske innsjøar er i dag mykje mindre sure enn dei var på 1980- og 1990-talet. Men no er miljøforbetringa i ferd med å stagnere.


Noreg vil også i 2020 ha innsjøar som er for sure til å huse ein levedyktig bestand av aure eller andre fiskeartar. Foto: Svein Nic. Norberg.

Sur nedbør har vore eit stort problem i Noreg og Europa, blant anna fordi forsuringa tek livet av dyr og fisk. Miljøet i norske innsjøar er blitt mykje betre etter at tilførslene av sur nedbør er blitt reduserte etter 1990, men no viser ein ny rapport at det ikkje er grunn til å vente ytterlegare store forbetringar i vassmiljøet i Noreg og Europa i åra som kjem.

Göteborg-protokollen

  • Göteborg-protokollen er ein internasjonal miljøavtale som regulerer utsleppa av svovel og nitrogen til luft. Den blei underteikna i 1999 og sett i kraft i 2005.
  • Noreg og dei andre landa som er tilknytta Gøteborg-protokollen, vedtok i mai 2012 nye forpliktingar om å redusere sine utslepp av luftforureiningar fram mot 2020.
  • Gøteborgprotokollen set tak på landa sine årlege utslepp av svovel (SO2), nitrogen¬oksider (NOx), flyktige organiske sambindingar unnateke metan (nmVOC) og ammoniakk frå 2010. Samla bidreg desse utsleppa til sur nedbør, overgjødsling og bakkenært ozon.
  • Eit av dei viktigaste føremåla med dei nye vedtaka, var å få landa i Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia til å slutte seg til protokollen.

– Den norske miljøgevinsten som følgje av redusert sur nedbør, er no stort sett teke ut. Det betyr at dei innsjøane som er mest følsame for forsuring, framleis vil vere forsura, og at det blir vanskeleg å oppretthalde levedyktige fiskebestandar i dei, seier direktør Ellen Hambro i Klima- og forureiningsdirektoratet.

Reduserte utslepp

Utsleppa av svovel i Europa er redusert med 61 prosent sida 1990. Tilførslene av sur nedbør til Noreg er reduserte med 47–57 prosent i same periode. Det er to hovudårsaker til dette: Göteborg-protokollen og tidlegare avtalar om reduksjon av langtransporterte forureiningar har ført til betre miljø både i Noreg og resten av Europa. I tillegg blei mange gamle og forureinande industribedrifter i Øst-Europa lagde ned i tida etter Berlin-murens fall i 1989 og oppløysinga til Sovjetunionen i 1991.

Innsjøar i Agder-fylka

Rapporten med dei nye resultata er utarbeidd av Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA) på oppdrag frå Klif. NIVA har berekna korleis miljøet i åtte europeiske innsjøar vil utvikle seg i tida framover, med utgangspunkt i fem såkalla utsleppsscenario med varierande tilførsel av sur nedbør.

Dei norske innsjøane som er med i undersøkinga, er Saudlandsvatn i Vest-Agder og Lille Hovvatn i Aust-Agder. Saudlandsvatn har hatt ei god utvikling sidan 1990, med ei aurestamme som begynte å ta seg opp att på slutten av 1990-talet. Lille Hovvatn er ein representant for dei suraste innsjøane i Noreg og vil neppe kunne huse ein levedyktig fiskebestand i 2020.

Tema