Vurderer forbod mot PFOS

SFT vil i løpet av hausten stramme inn på bruken av miljøgifta PFOS i brannskum. Det fyrste målet er å stanse framleis bruk av kjemikal under brannøvingar.

PFOS

  • SFT har ein særskild handlingsplan mot PFOS.
  • SFT følgde opp med ei landsdekkjande kartlegging. Resultata kom i mai i år.
  • Sjølv om verdiane er låge, viser kartlegginga at stoffet er utbreidd i norsk natur. Dei høgaste verdiane finn vi i avrenning frå avfallsdeponi, i ferskvasssfisk og i torskelever.
  • Ei undersøking blant gravide kvinner i Russland og i Bodø viste at 70 prosent av 20 kvinner fekk påvist PFOS i blodet.
Miljøvernstyresmaktene er svært urolege over førekomsten av PFOS i miljøet, fordi stoffet er giftig, svært lite nedbrytbart og blir oppkonsentrert i næringskjeda.

Mesteparten av PFOS i Noreg finst i brannskum som blir brukt i industrien.

Prioritert arbeid

Sidan februar har SFT kartlagt kor store mengder brannskum med PFOS som finst ute i dei ulike verksemdene.

Tala frå offshoreverksemda kom i juni. Resten av industrien har frist til 15. september med å rapportere tala sine.

- Når vi har alle tala på bordet, vil vi vurdere forbod, seier assisterande SFT-direktør Trond Syversen. Men vi er allereie i dialog med Petroleumstilsynet for å finne raskare løysingar som kan hindre utslepp av PFOS i offshoreindustrien, samtidig som tryggleiken på riggane blir vareteke, seier han.

Relaterte lenker

Tema