Rådyr

Vil prøve jakt med pil og boge

Jakt med pil og boge bør tillatast i eit treårig prøveprosjekt i Noreg, meiner Direktoratet for naturforvaltning (DN).

Fakta:

 

- Jakt med pil og boge er lovleg i Danmark, Finland og på Åland.

- Sverige gjennomfører eit prøveprosjekt med bogejakt over fire år.

- Fleire frivillige organisasjonar har søkt om eit tilsvarande prøveprosjekt i Noreg.

- Forslaget vart sendt på høyring i fjor.

- DN tilrår til Miljøverndepartementet at det vert sett i gang eit prøveprosjektet over tre år.

Fleire organisasjonar som representerer jegerar og grunneigarar har saman søkt om å få starte eit slikt prøveprosjekt. Spørsmålet var i fjor på høyring saman med ei revidert forskrift om utøving av jakt, felling og fangst. DN rår no Miljøverndepartementet til å opne for eit slikt forsøk.

– Høyringa viste at mange er skeptiske til bogejakt, men at dei fleste likevel aksepterer ei prøveordning for å skaffe meir kunnskap om denne jaktforma. Fleire av nabolanda våre har gjort liknande forsøk, og i ettertid opna for bogejakt som fast ordning, seier seksjonssjef Roar Skuterud i DN.

Samarbeid om utforming

DN foreslår eit breitt samarbeid med andre aktørar i utforminga av ei prøveordning. Interesseorganisasjonane som står bak søknaden, ulike forskingsmiljø og fleire fagmyndigheiter er aktuelle samarbeidspartnarar.

– Vårt utgangspunkt er at det kan vere aktuelt å avgrense prøveordninga på fleire vis. Kanskje skal den berre gjelde i eit avgrensa geografisk område, for utvalde artar eller for eit avgrensa tal jegerar. Dette er spørsmål som må avklarast før ordninga kan starte, seier Skuterud.

Nordiske erfaringar

I Danmark har bogejakt vore lov sidan 1998. I åra fram til 2007 samla «Vildtforvaltningsrådet» inn opplysningar om 989 rådyr som vart felt med pil og boge i landet. Dette er det beste og nyaste datamaterialet som er tilgjengeleg om bogejakt i Norden. Innsamlinga vart gjort mellom anna for å undersøke forhold som skadeskyting med denne jaktforma.

– Konklusjonen frå Danmark er at skadeskyting ved bogejakt ligg på om lag same nivå som med rifle. Etter DN sitt syn, må eit prøveprosjekt i Noreg også inkludere forsking om slike forhold. Fagmyndigheitene som har ansvar for velferd for dyr, peika på det same då spørsmålet om ei prøveordning var på høyring, seier Roar Skuterud.

Ei prøveordning vil krevje at viltlova vert endra, ettersom den i dag forbyr jakt med pil og boge. Dette er ei lovendring som Stortinget må gjere etter forslag frå Miljøverndepartementet. I ettertid må eit forslag til korleis prøveordninga skal praktiserast sendast på høyring før ordninga kan settast i verk. Det vil dermed ta tid før eit forsøk eventuelt kjem i gang.

Relaterte lenker

Tema