Pust i bakken med utsikt over Bodø

Satsar på friluftsliv i byen

Åtte av ti nordmenn bur i byar og tettstadar. No skal det bli lettare for dei å drive friluftsliv i nærmiljøet.

– Miljøverndepartementet har bedt oss starte ei satsing på å få fleire til å drive friluftsliv i nærleiken av der dei bur. Målet er å gjere det lettare for folk å vere aktive i kvardagen, seier seksjonssjef Roar Skuterud i Direktoratet for naturforvaltning (DN).

Den såkalla nærmiljøsatsinga er eit ledd i arbeidet med ein nasjonal handlingsplan for friluftslivsområde. Handlingsplanen skal vere klar i løpet av eit par år. Nærmiljøsatsinga er allereie starta opp.

– Vi ynskjer at terskelen for friluftslivsopplevingar i nærmiljøet skal vere så lav at også dei som i dag er lite aktive eller inaktive tek del. Spørjeundersøkingar har vist at desse gruppene vil vere meir aktive om dørstokkmila vert mindre, seier prosjektleiar Sigurd Eriksson.

Lokale partnarar er viktige

Kommunane og dei frivillige organisasjonane er dei viktigaste aktørane i arbeidet med å legge til rette for meir kvardagsfriluftsliv. DN vil i nærmiljøsatsinga lyfte fram lokale prosjekt som bidrar til at dei mindre aktive får høve til å ta del i friluftslivsaktivitet i nærleiken av der dei bur.

Det finst ei rekkje både store og små naturprega område inne i norske byar og tettstadar, men mange av desse er eigd av private grunneigarar. Eit viktig ledd i nærmiljøsatsinga vil vere å sikre offentleg råderett over sentrale grøne lunger og ferdselskorridorar i nærmiljøet.

– Kvart år kjøper det offentlege opp ei rekke friluftslivsområde, eller sikrar områda gjennom langsiktige bruksavtaler med grunneigarane. Nærmiljøsatsinga gjer det naturleg å bruke ein større del av pengane til oppkjøp av slike område i byar og tettstadar, seier Sigurd Eriksson.

Gjennom nærmiljøsatsinga vil staten hjelpe kommunar med å kartlegge naturprega område i tettstadar og byar.

– Slike kartleggingar gjer det mogleg å drive langsiktig by- og tettstadsutvikling som tek omsyn til verdien av slike grøne område. Med god oversikt kan ein òg knyte slike område saman i eit nett av grøne areal, og med lett tilkomst til naturområde utanfor byen, seier Sigurd Eriksson.

Mykje å vinne

Ei satsing på å gjere naturen i nærmiljøet meir tilgjengelige for folk som bur der, kan gje ei rekkje positive effektar. Det er positivt for folkehelsa ved at auka fysisk aktivitet og oppleving av natur kan redusere førekomsten av mange sjukdommar knytt til folk sine levevanar. God tilrettelegging for bruk av nærnaturen kan gjere det mindre naudsynt å bruke bil, med positiv gevinst for klimaet og mindre støy. Nærområda kan og verte meir trafikksikre for fotgjengarar og syklistar.

– Også i byen lever det ei rekkje ulike fuglar, planter og dyr. Dei grøne områda i elles urbane miljø, er særs viktige for desse. Difor kan ein seie at nærmiljøsatsinga som ein bonus vil vere positiv for naturmangfaldet vårt, seier Sigurd Eriksson.

Avtalar samarbeid

Det er Direktoratet for naturforvaltning som leier arbeidet med nærmiljøsatsinga, men andre må delta for at satsinga skal lukkast. Direktoratet arbeider no med å finne partnarar å samarbeide med.

– Vi vil invitere ei rekkje aktørar til å inngå forpliktande samarbeidsavtalar. Fylkeskommunar og kommunar er særs viktige, men vi har også kontakt med andre direktorat og offentlege organ, seier Sigurd Eriksson.

Relaterte lenker

Tema