Ein stor del av utbyggingssakene relatert til INON som fylkesmennene behandla i 2010, gjaldt planar om mindre vasskraftverk og andre energiprosjekt. (Illustrasjonsfoto.)

INON stoppar ikkje nøkkelfunksjonar

Inngrepsfrie område (INON) er ikkje eit hinder for å byggje ut viktige funksjonar i samfunnet. Likevel er INON eit sentralt verkemiddel når vidare utbygging skal kanaliserast til andre område.

Slik konkluderer Direktoratet for naturforvaltning (DN) etter å ha kartlagt behandlinga av saker gjeldande INON frå heile landet. DN har henta informasjon om saker som var til behandling hos fylkesmennene i 2010. 

Inngrepsfrie naturområde er definert som areal som ligg meir enn ein kilometer unna næraste tyngre tekniske inngrep. Det er eit politisk mål å ta vare på slike samanhengande naturområde. Fråveret av inngrep blir rekna som ein verdi i seg sjølv. I tillegg har slike område gjerne verdifulle kvalitetar for til dømes landskap, friluftsliv eller plante- og dyreliv. 

Ikkje stort utbyggingspress

– Vi fekk informasjon om i alt 54 planar og utbyggingssøknader som fylkesmennene hadde hatt til vurdering i fjor. Sjølv om ein ikkje har fanga opp alle saker frå heile landet, vurderer vi det slik at dette totalt sett ikkje vitnar om eit stort utbyggingspress i og inntil inngrepsfrie område i Noreg, seier seksjonssjef Reidar Dahl i DN. 

Talmaterialet er lite, men av dei sakene det er rapportert om valde fylkesmennene å ikkje rå frå utbygginga i om lag 40 prosent av sakene. Dette skjer til vanleg i saker der utbygginga har stor nytte for samfunnet, eller at ho rører ved berre små INON-område. Årsaka kan også vere at fylkesmannen vel å prioritere andre miljøverdiar framfor inngrepsfri natur i ei konkret sak. 

Villmarkspreg verdifullt

Når fylkesmannen vel å rå frå eit tiltak av omsyn til inngrepsfri natur, viser dei vanlegvis til at INON-området er særleg høgt prioritert, eller at det har fleire miljøkvalitetar i tillegg til å vere inngrepsfritt. Dette er gjerne kombinert med at tiltaket blir vurdert å ha relativt avgrensa nytte for samfunnet. I nokre regionar er det laga fylkesdelplan, eller andre dokument, som syner kva INON-område som blir rekna som særskilt verdifulle. 

– Villmarksprega område, meir enn 5 kilometer frå inngrep, blir rekna som særskilt verdifulle. Det same gjeld INON-område som omfattar inngrepsfrie sonar frå sjø til fjell, og vidare alle inngrepsfrie område i kommunar og regionar der det er få slike område att, seier Dahl. 

Mange saker ikkje avgjort

Etter kvart ønskjer DN å sjå nærare på kva som blir resultatet i sakene, men førebels er mange av desse ikkje avgjort. Til no er det tatt avgjerd i 8 av dei 18 sakene der fylkesmannen valde å rå frå godkjenning av omsyn til inngrepsfri natur. I 6 av dei 8 tilfella er det gitt godkjenning eller konsesjon. I eitt tilfelle blei eit planforslag endra, og i den siste saka blei det gitt avslag på ein konsesjonssøknad av omsyn til fleire miljøverdiar. 

DN kjenner ikkje til nokre saker der det er gitt eit klart avslag til ein utbyggingssøknad berre på grunn av inngrepsfri natur, utan at det har vore andre miljøomsyn til stades. 

– Å ta vare på inngrepsfrie område blir likevel tillagt vekt når områda har andre miljøkvalitetar som betyr mye, i tillegg til å vere inngrepsfrie. Slik sett er INON eit viktig verkemiddel, som bidrar til å kanalisere den vidare utbygginga i samfunnet til meir inngrepsnære område, seier Dahl. 

Stor del er energiutbygging

Meir enn halvparten av sakene i materialet frå fylkesmennene gjeld utbygging for energiformål. Dette famnar om både vasskraft, vindkraft og kraftlinjer. Ni saker gjeld hytteområde og anna utbygging etter plan- og bygningslova, medan landbruksvegar i utmark er den tredje inngreps­kategorien som er godt representert i materialet. 

Når det gjeld landbruksvegar, er regelverket endra, slik at fylkesmennene ikkje lenger er inne som høyringspart på same måte som før. Ein må difor rekne med at det er fleire vegar DN ikkje har fått kjennskap til. DN fekk informasjon om 15 slike vegar som kunne råke inngrepsfri natur og som hadde vore til behandling hos fylkesmennene i 2010. Fylkesmennene rådde frå berre 4 av dei. Den eine av desse er vedtatt bygd, medan DN ikkje kjenner resultatet av dei tre andre søknadene. 

Føremålet med DN si undersøking var å få fram informasjon om utbyggingspresset i og inntil inngrepsfrie område, og om i kor stor grad områda sin inngrepsfrie status set skrankar for gjennomføring av planar og tiltak. DN har ikkje sjølv vurdert dei enkelte sakene.

Saker som berører inngrepsfrie naturområde (INON) - 2010 (pdf)

Brev frå DN til fylkesmennene (pdf)

Relaterte lenker

Tema