Hugs fristen for erstatning for rovviltskadar

Frist for å sende søknad om erstatning for rovviltskadar på husdyr er tysdag 1. november. Søknadar som gjeld sau skal leggjast inn i Elektronisk søknadssenter, mens søknadar som gjeld andre husdyr skal sendas direkte til Fylkesmannen.

Vi ber alle søkjarar om å lese bruksrettleiingane i søknadssenteret, for å sikre at all påkravd informasjon kjem med. Kontakt Fylkesmannen om søknadar som gjeld andre husdyr enn sau. Søkjarar som får problem med å nå fristen må ta kontakt med Fylkesmannen før 1. november for å avtale eventuell utsett frist.

Miljødirektoratet minner om at det berre er mogeleg å opprette ein brukarprofil for kvart personnummer. Har du gløymt passord eller endra e-postadresse, så finn du informasjon om korleis dette blir løyst ved å logge inn i Elektronisk søknadssenter.

Dersom du har spørsmål om utfylling av søknad, kan du ta kontakt med Fylkesmannen. Ved tekniske problem som må løysast av Miljødirektoratet (Til eks. problem med å logge på), ta kontakt på telefon 941 39 738 eller e-post esshjelp@miljodir.no. Spørsmål vil bli svart på innafor Miljødirektoratet sine opningstider.

Tjenester og verktøy

Tema