Engeløya i Steigen i Nordland er eit av dei nye utvalde kulturlandskapa. Foto: Berit A. Staurbakk

Ti nye utvalde kulturlandskap i jordbruket

No blir ti nye landskap med i satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Dei ti nye utvalde landskapa:

Værne kloster, Rygge kommune, Østfold

Sørkedalen med Bogstad gård, Oslo kommune, Oslo

Leveld, Ål kommune, Buskerud

Hjartdal og Svartdal, Hjartdal og Seljord kommuner, Telemark

Havrå, Osterøy kommune, Hordaland

Ormelid, Luster kommune, Sogn og Fjordane

Alnes på Godøya, Giske kommune, Møre og Romsdal

Kvelia-Kvesjøen, Lierne kommune, Nord-Trøndelag

Engeløya, Steigen kommune, Nordland

Skallan-Rå,  Kvæfjord kommune, Troms

Meir om satsinga:

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er eit samarbeid mellom miljø- og landbruksmyndigheitene, og vert leia av Landbruksdirektoratet, Riksantikvaren og Miljødirektoratet. Formålet med satsinga er å sikre ei langsiktig forvalting av eit utval jordbrukslandskap med svært store biologiske og kulturhistoriske verdiar. Satsinga er basert på frivillige avtalar mellom staten og grunneigarane.

No har Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet, etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren, utpeikt ti nye utvalde kulturlandskap i jordbruket.

I dei utvalde kulturlandskapa finnes fleire raudlista naturtypar og artar som er avhengige av at areala blir beita eller slått, og at dei ikkje gjødsles i særleg grad. Gjennom satsinga blir det tildela tilskot til å ivareta desse verdiane, og dermed bidra til å nå nasjonale miljømål. Dei ti nye områda vil gå i gang med tiltak no i sommar. 

Kontakt

seniorrådgiver Lise Hatten
naturavdelingen
telefon 416 116 89

Tema