Reidar Hindrum i MIljødirektoratet er ny formann i CAFF (Conservation of Arctic Flora and Fauna). Her fra CAFF -møtet i Jakutsk i Sibir i 2013. Foto: Privat.

Norsk formann for biologisk mangfald i Arktis

Reidar Hindrum i Miljødirektoratet blir ny formann i Arktisk Råds gruppe for biologisk mangfald. 

ARKTISK RÅD

Det einaste politiske samarbeidsorgan for alle dei arktiske statane.

Noreg, Sverige, , Finland, Danmark/Grønland/Færøyene, Island, Canada, USA og Russland. I tillegg har ei rekke land observatørstatus.

Representantar for landa og urfolk møtest for drøfting av saker av felles interesse.

Mandatet er å bidra til berekraftig utvikling og vern av miljøet i Arktis.

Arktisk råd bestiller og publiserer rapportar, mellom anna om biologisk mangfald og klimaendringar i Arktis.

Etter førre ministermøte i Arktisk Råd, tok Noreg over formannskapet i Arktisk Råds arbeidsgruppe for biologisk mangfald, CAFF (Conservation of Arctic Flora and Fauna).

Klimaendringar

Seniorrådgjevar Reidar Hindrum frå Miljødirektoratet vil leie arbeidet i denne gruppa fram til våren 2017. Hindrum har leia miljøforvaltninga hos Sysselmannen på Svalbard, vore rådgjevar i Nordisk Ministerråd og prosjektleiar for å starte opp ministerrådet sitt Arktiske program.

Han har delteke i CAFFs arbeid sidan 1992, og var med på opninga av Arktisk Råd i 1996.

Hovudprioritet for CAFF er å beskytte artar og økosystem i Arktis mot negative effektar av klimaendring og reduksjon av havis.

I rapporten Arctic Biodiversity Assessment (ABA) frå 2013 vert klimaendringar framheva som den største trusselen mot artar og økosystem i Arktis.

Noreg vil i dei komande to åra leie arbeidet med å følgje opp anbefalingane frå ABA-rapporten. Tiltaksplanen, som vert kalla Actions for Arctic Biodiversity 2013–2021, vart godkjend av utanriksministermøtet i Arktisk Råd 25. april.

Havisen forsvinn

Under det norske formannskapet skal også CAFFs overvakingsprogram The Circumpolar Biodiversity Monitoring Programme (CBMP) vidareutviklast. Formålet er å styrkje kunnskapen om livet i Arktis.

I 2017 legg CBMP fram rapporten «State of the Arctic Marine Biodiversity Report» om status og trendar for utvalde økosystem og artar i det marine miljøet i Arktis.

Overvakingsprogrammet viser at havisen – eit viktig leveområde for mange artar, blant anna kvalross, sel og isbjørn – forsvinn raskt. Noreg ønskjer auka forskingssamarbeid i Arktis for å vite meir om følgjene av dette.

– Vi vil også prioritere CAFFs arbeid, gjennom programmet Arctic Migratory Birds Initiativet, for å beskytte trekkfuglartar som hekkar i Arktis og som flyg etter faste trekkruter gjennom fleire land til sørlege område for å overvintre. Og vi vil rette merksemd mot framande artar som kan invadere arktiske område etter kvart som klimaet vert varmare, og finn tiltak som hindrar at dei spreier seg nordover og fortrengjer arktiske artar, seier nyvald CAFF-formann Reidar Hindrum.

Arktiske trekkfuglar skal få auka vern

Saman med Russland og Canada leier Noreg prosjektet Arctic Migratory Birds Initiative (AMBI) i Arktisk Råd om bevaring av arktiske trekkfuglartar, med spesiell vekt på sjøfugl og vadarar.

– Mange bestandar av arktiske fuglar er truga. Årsakene er komplekse og omfattar mellom anna klimaendringar, ulovleg jakt og at viktige leveområde er truga. Vi treng meir kunnskap om fuglane sine leveområde og kva slag miljøtruslar dei står overfor for å kunne sette i verk dei riktige tiltaka, seier Hindrum.

Frå hekkeområda i Arktis trekker dei fleste fugleartane sørover om hausten. Rødnebbterna flyg heilt til Antarktis, ei reise på 71 000 kilometer, før ho returnerer til Arktis. AMBI skal bidra til kartlegging av fuglane sine rørslemønster og til bevaringstiltak langs trekkrutene.

– Målsettinga er å bruke kunnskapen til å iverksette heilheitlege og konkrete vernetiltak som også involverer land utanfor Arktis og som er viktige i trekkruta for desse fuglane, seier Hindrum.

Les også: Avslørar sjøfuglen sin løyndom

KONTAKT

seniorrådgiver Reidar Hindrum
arts- og vannavdelingen
telefon: 900 64 497

seksjonsleder André Kammerud 
internasjonal seksjon
telefon: 412 31 779

Tema