Kartkatalog

Miljødirektoratet har mange fagsystem som inneheld bekrefta informasjon. Vi har etablert ein kartkatalog der du kan finne informasjon om datasett og tilhøyrande karttenester for publikum, saksbehandlarar og planleggjarar innanfor natur, klima og miljø.

Kartkatalogen inneheld detaljert informasjon om tekniske krav for å ta karttenestene i bruk og kva spesifikasjonar og handbøker som gjeld for dei aktuelle datasetta.

Informasjonen gir deg oversikt over fagområda, datasetta og dei tilhøyrande karttenestene våre i tillegg til teknisk informasjon om korleis du kan bruke karttenestene i dine eigne kartapplikasjonar. Nokre av datasetta er tilgjengelege for nedlasting.

Karttenestene og kartdataa våre er fritt tilgjengelege for alle som ønskjer å ta dei i bruk.

Tema

Kategori

Relaterte lenker